Torbjørn Kornstad: Miljørådgjevar i Norconsult

Av Cathrine Glosli

Torbjørn Kornstad, master i økologi (Ecology): Miljøtilsyn på Ekebergbanen
Torbjørn Kornstad, master i økologi (Ecology): Miljøtilsyn på EkebergbanenFoto: Privat

Torbjørn Kornstad har ein mastergrad i økologi, og gjekk deretter ut i ein konsulentjobb hos Norconsult. Der jobbar han med kartlegging av naturtyper, vegetasjon og andre artsgrupper, ofte for å kunne vurdere konsekvensane av eit inngrep. Gjennom jobben dreg han på feltarbeid over heile Noreg gjennom det meste av sommarsesongen.

Kan du fortelja litt om din noverande jobb?
Eg jobbar som miljørådgjevar i Norconsult, som er Noregs største selskap innanfor rådgjevande ingeniørfag. Der starta eg i juni 2014, tre veker etter at masteren var levert. Seksjonen eg jobbar på var eit sjølvstendig firma som spesialiserte seg på konsekvensutgreiing innanfor kraftsektoren, men det vart kjøpt opp i 2011. Vi er om lag 20 tilsette på seksjonen, dei fleste av oss med utdanning frå Ås. Elles i firmaet er det stor overvekt av NTNU-kandidatar, som naturleg er når det er snakk om sivilingeniørar.

Arbeidskvardagen min er nokså variert. Hovudsakeleg jobbar eg med konsekvensutgreiingar, men eg har òg vori innom reine naturkartleggingsoppdrag, og eg har haldt kurs i vegetasjonstypar på Høgskolen i Hedmark. Akkurat no er eg inne som miljøtilsyn i byggefasen på utvidinga av Ekebergbanen i Oslo, der eg skal passe på at raudlisteartane blir ivareteke så godt som mogleg. Eg har alltid vori interessert i planter, og alt før eg starta å studere kunne eg setta namn på ein stor del av plantene du finn i Noreg. Sia har det balla på seg med fuglar, mosar, lav og andre ting.

Om sommaren er eg stort sett ute i felt, og oppdraga er spreidd ut over heile landet. I 2014 var eg mellom anna i Lærdal, Kirkenes, Innherred og Hjelmeland. Sistnemnte feltlokalitet låg såpass avsides til at vi måtte fraktast inn med helikopter. Det kan nok kallast ein over snittet bra arbeidsdag. Om vinteren er det stort sett kontorarbeid, der eg skriv rapportar og tilbod til potensielle kundar.

Kvifor valde du å studere på NMBU?
Eg er nok arveleg belasta med to foreldre som har gått på Ås, men eg bestemte meg likevel på eiget initiativ. På vidaregåande gjekk eg på landbruksskule, og då eg gjekk siste året naturforvalting festa blikket seg på økologi og naturforvalting i studiekatalogen. Det var fleire andre i klassa som òg vurderte Ås som studiestad. Det gjekk to år frå endt vidaregåande til eg starta på Ås, men i løpet av den tida møtte eg mange Åsstudentar som rosa studentmiljøet opp i skyene. Framsnakkinga deira var sterkt medverkande til at eg til slutt endte opp nettopp på ein bachelor i økologi og naturforvalting.

Kva nytte har du hatt av utdanninga du tok ved NMBU?
Frå bacheloren i økologi og naturforvalting gjekk eg vidare til å ta ein master i generell økologi. Midt i mastergraden tok eg eit pauseår der eg dreiv med studentpolitikk på heiltid. Det må likevel nemnast at eg starta med å planlegga masteroppgåva mi i løpet av pauseåret, og eg gjorde forsøk i semesteret før eg eigentleg skulle skrive oppgåva. Eg føler nok at sjølve masteroppgåva er noko av det minst relevante eg har gjort på NMBU med tanke på jobben eg har no, men det var viktig trening å ha med seg likevel. Det eg har tatt med meg mest av er det tverrfaglege, med kursa i jus, arealplanlegging, økonomi, statistikk og konsekvensutgreiing sett i samanheng med økologi og artskunnskap.

Råd til kommande studentar?
Det viktigaste rådet eg kan gi er nok å bygge seg opp ein grunnleggande artskunnskap som ligg over det ein kan forvente. Dei fleste medstudentane på Ås var lite gira på å lære seg planter og insekt, men slik kunnskap er etterspurt både i konsulentselskapa og forvaltinga. Interessa mi for nettopp dette gjorde at eg sto med jobbtilbod eit halvt år før eg var ferdig med å studere, noko som var veldig greitt. Det er òg viktig å setta seg inn i planprosess, ha forståing av korleis staten Noreg fungerer og ikkje minst evne å kommunisere både med fylkesmann og grunneigarar.

Om du vil er det ålreit å engasjere seg i studentmiljøet. Sjølv var eg svært aktiv, og fekk svært mykje att for det på den sosiale sida som eg har tatt med vidare i livet. Mange trekker fram CV-en som den viktigaste grunnen til å vera engasjert. For meg blir det heilt feil. CV-en bør komma nederst på prioriteringslista (og helst under) om du vurderer å ta på deg eit verv, det er å ha eit spennande og morsomt studentliv som er det viktigaste!

Torbjørn Kornstad, master i økologi (Ecology): Registrering av strandengvegetasjon i Sør-Varanger.
Torbjørn Kornstad, master i økologi (Ecology): Registrering av strandengvegetasjon i Sør-Varanger. Foto: Privat

Publisert - Oppdatert

Del på